onsdag 4. januar 2012

GODT NYTT ÅR!!!

Eit lite innlegg om eit ynskje om eit godt nytt år til alle :)

Her var det ei stille og rolig feiring med berre oss i familien :)

På menyen stod det kalkunsteik med fløtegratinerte poteter og grønsaker. Etterpå var det å slappe av i sofaen, prate og ha det koselig sammen! Måtte ut å prøve stjerneskudda

Eskil syntes det var morsomt med stjerneskudd og syntes bildet blei stilig!!
Sindre syntes at det var litt skummelt med stjerneskudda, men syntes det var artig å kunne svingene på dei og at eg fekk stilige bilder av det!

Rett før 00.00 gjekk vi ut å begynte å skyte opp raketter sammen med naboane.
Det blei mykje knall og mykje røyk.
Men eit nytt år blei det!

Lykke til i 2012 alle sammen :)


søndag 1. januar 2012

Topp 10 frå 2011

Det har vore mykje scrappetørke her hos meg i år :( Håper at 2012 skal gje meg ein ny giv så eg kan bruke meir tid på scrapperommet!

Men har fått laga nokre LOar og her har eg valgt eit knippe frå året 2011.

1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.

mandag 5. desember 2011

Adventstid

No er det den fineste tida på året. Kunne godt vore eit lite hvitt teppe på utsida så hadde stemningen blitt helt topp :)

Her er i huset er det kommet fram ein del julepynt! Vi har i år faktisk pynta juletreet!!.. men vi har kasta det ut igjen og då ;) Hadde julebord i garasjen, og då pynta eg juletre i garasjen og det blei så fint!!

Men inne her er det noen små nisser som er plassert rundt forbi, julestjerner i vindua i stua og blomsten julestjerne pynter opp vindua i stua og bordet på kjøkkenet, adventsstaken står så fint på bordet og i vindua over sofaen finner dei to minste kalendergava si :) :) Kalendergava åpner vi når barne-tv begynner og koser oss med å tenne adventslysa og kose oss med anten litt pepperkake og mandarin eller noko anna godt julegodt :)

I går fekk vi brukt søndagen til litt pepperkake baking. Og det lukta deilig i heile huset :)
Først ville ikkje minstemann, men når vi fant fram alt utstyret så ville han alikevel ;)
Vi bakte ikkje så mange, men det blei ein kakeboks. Neste helg er det kakemenn som står for tur, og kanskje ein litt stor porsjon med Sarah Bernard og i år tenkte eg at eg skulle prøve denne varianten som eg fant i bloggen til anneakreative.

Vi måtte ha oss ein luftetur i går og, og ungane blei helit ville når dei såg det var frosse på dammane, så dei sprang frå dam til dam å knuste is :)
Minstemann klarte å ramle på rompa eit par gongar, men hoppa opp igjen og var klar for å knuse meir is ;) 
Herlig!!


Ha ei flott adventstid alle som er innom :) Håper skuldrane er senka og at det ikkje er for mykje stress og kav :)

søndag 13. november 2011

Ferie

Blir ikkje like ofte oppdatert den bloggen her som eg hadde tenkt :(
Men eg tenkte eg skulle legge inn eit innlegg i kveld! Eg og ungane har tatt oss ei veke ferie, og er no på rundreise på Vestlandet. I helga har vi vore i Kopervik å kosa oss med tante, onkler, fetter og kusine!!!

Rett i nærheten er det ein skule med dei flottaste slyngene og ei skaterampe som eldstemann synes er vedlig artig!!

 Sindre er blitt ein tøffing i slyngene. Første gangen vi prøvde dei tørte han knapt å henge i dei, mens no er det til toppen og hoppe ut :)
Eskil er kjekk å ta bilde av. Eg må heile tida vente til han er klar til å vere kul *hehe*

 Sindre er borte å får seg ein kos av tante Rose før han er å henger i slyngene igjen ;)
 Ein prat med fetteren på rampa! Her utleverer dei tips og triks og diskuterer kva dei skal gjere :)
 Eskil er ein apekatt oppe i disse "stigane" Han henger å dingler og snurrer rundt og syntes det er kjempemorsomt :)
Tantejenta mi har laga seg huske av slyngene og hadde det kjekt med å huske i stor fart. Eg skulle prøve å hjelpe ho å lage større fart, men det resulterte i dette...

Det gjekk heldigvis bra, men det anbefales ikkje å ramle ned her, for det var vondt.

Med andre ord har dette vore ei veldig koselig helg. Vi har leika og prata og kosa oss med god mat :) Så kjekt å ha ei syster og ein svoger som er så gjestmilde!!!

I mårra går ferda vidare nordover, for då skal eg og gutane vidare heim til mamma/besta!!

tirsdag 11. oktober 2011

GoKart for fyrste gong

I helga fekk eldstemann oppleve ein draum han har hatt lenge; nemlig å køyre GoKart :)
Vi har vore oppe på banen å sett tidligare, men i helga fekk han prøve å køyre og! Sjølv om han var veldig nervøs når vi kom opp så roa det seg ein del når kameraten hans kom.

Vi fekk registrert han og betalt, finne fram hjelm og dress og klar for å køyre. Men ting tar tid på slike plasser... Så guten venta og venta, kameraten køyrde, og Sindre venta og venta...
Og endelig blei det hans tur!!!
Det gjekk veldig i rykk og napp i begynnelsen, men etterkvart så klarte han å køyre litt jamnare, han klarte til og med å vinke til mammaen sin, som stolt stod å filma og fotograferte :)

Når han var ferdig å køyre så var det stjerner i auga hans, og han var klar til å køyre fleire gonger. Så vi må nok ofre nokre laurdagar til dette!
Ein annan gong må vel mammaen prøve å køyre og... ;)

mandag 10. oktober 2011

Er på vei til å få meg ein "ny" bolig!!!

Ja, overskrifta seier vel sitt ;) Men her er det ikkje snakk om å flytte ut av det flotte huset mitt. Nei, her snakker vi om min nye heim på www!
Forumet eg har holdt til på sidan eg begynte å scrappe skal leggast ned :( Her har eg brukte mange timar, fått mange idear, møtt mange flotte damer og ikkje minst kunne vere meg sjølv. På Rosa Forum har eg alltid kost meg. Vi har vore ein gjeng der som har hatt respekten for kvarandre og som har hatt mange hyggelige tråden ;)
Men no når denne flotte plassen skal leggast ned har 7 av jentene på forumet sitte i kullissane og planlagt eit nytt forum *hopper høgt av glede* SCRAPPELAND blir min nye heim så snart sida er oppe å går. Og alle som vil vere med i dette forumet løp inn å registrer dere!! Her kjem det til å bli mange flotte dagar, det er eg heilt sikker på!!!!

Takk til Renate, Synne, Merethe, Anne Bente, Gine, Hildegunn, Line for å lage eit nytt nettforum til oss som blir heimlause!!! Her skal vi få det godt :) :)

søndag 11. september 2011

Skissedilla #127

Satt å scrappa litt i natt og etter å ha kikka på Skissedilla si skisse syntes eg at denne passa godt å ha der ;)

Takk for titten!!!

lørdag 23. juli 2011

Ufattelig :(

Ja, da har Noreg fått oppleve ei tragisk hending som vil bli vanskelig å glemme :( Ufattelig er eit ord som kjem igjen og igjen når eg tenkjer på det som har skjedd. Fyrst var sjokkbeskjeden at regjeringskvartalet var bomba, og fyrste tanke då var terrorisme. Etterkvart kom nyhetene om ein masaker på Utøya og tankane fekk ein annan vinkling... Ein mann med sjuke tanker, med ett for målet å drepe flest mulig... Mine tankar går til alle pårørte. Alle som er innvolvert på ein eller anna måte. Foreldre som aldri meir skal få sjå barna sine, dei som fortsatt sitt å ventar på eit svar og dei som har glade for at barnet deira lever. Stakkars unge kroppane som skal leve eit liv vidare med denne opplevelsen i kroppen - får håpe at Noreg gir den hjelpa som trengs slik at dei får snakka ut og fortalt og bearbeid opplevelsen dei har opplevd.

I denne ufattelige hendinga er orda for å beskrive det ein føler få...

Hvil i fred alle tapre ungdommer som omkom på Utøya, og dere flotte arbeidere i regjeringsbygga!

søndag 15. mai 2011

Skissedilla #111

I dag har eg vore på scrapperommet det meste av dagen!!! Har scrappa bilder av konfirmanten vår som blei konfirmert forrige søndag :)
Her har eg brukt skissa laga av Lene :)=
Alle LOane mine blir så fæle i fargane, får ikkje det rette lyset :(

tirsdag 26. april 2011

Skissedilla #109

Prøver meg denne veka og på ei nydelig skissa laga av nabon!!

Ein LO om Eskil som er i Kopervik på besøk hos tanta, og då må vi alltid bort på naboskulen å leike i slyngene :)