Blir ikkje like ofte oppdatert den bloggen her som eg hadde tenkt :(
Men eg tenkte eg skulle legge inn eit innlegg i kveld! Eg og ungane har tatt oss ei veke ferie, og er no på rundreise på Vestlandet. I helga har vi vore i Kopervik å kosa oss med tante, onkler, fetter og kusine!!!
Rett i nærheten er det ein skule med dei flottaste slyngene og ei skaterampe som eldstemann synes er vedlig artig!!
Sindre er blitt ein tøffing i slyngene. Første gangen vi prøvde dei tørte han knapt å henge i dei, mens no er det til toppen og hoppe ut :)
Eskil er kjekk å ta bilde av. Eg må heile tida vente til han er klar til å vere kul *hehe*
Sindre er borte å får seg ein kos av tante Rose før han er å henger i slyngene igjen ;)
Ein prat med fetteren på rampa! Her utleverer dei tips og triks og diskuterer kva dei skal gjere :)
Eskil er ein apekatt oppe i disse "stigane" Han henger å dingler og snurrer rundt og syntes det er kjempemorsomt :)
Tantejenta mi har laga seg huske av slyngene og hadde det kjekt med å huske i stor fart. Eg skulle prøve å hjelpe ho å lage større fart, men det resulterte i dette...
Det gjekk heldigvis bra, men det anbefales ikkje å ramle ned her, for det var vondt.
Med andre ord har dette vore ei veldig koselig helg. Vi har leika og prata og kosa oss med god mat :) Så kjekt å ha ei syster og ein svoger som er så gjestmilde!!!
I mårra går ferda vidare nordover, for då skal eg og gutane vidare heim til mamma/besta!!