tirsdag 21. desember 2010

Jula nærmer seg

Ja, no er det jammen jul snart... Tida går fort, og eg er på halv åtte som alltid, dvs; litt seint ute med det meste. Men eg veit at det blir jul uansett!
Men vi klarte jammen å finne gardiner til stua før jul! Det er jo ikkje verst, men ein tur innom Kid så gjekk det unna! Det blei Gisle gardiner, og vi blei veldig fornøgde! Stua føltes litt mindre, men den blei og mykje varmare!!
Ute er det julestemning! Det er mykje snø, og i dag har det jammen snøa på -11... Skjønn det den som vil. Men ungane fryder seg over all snøen, og ville helst ha vore ute heile dagen, men mora er nok ikkje like glad for det, så dei må vere inne så lenge det er så kaldt ute. Får håpe at romjula blir litt varmare slik at vi får ta nokre turar ut å ake og stå på skøyter, brenne bål, grille pølser og kose oss :)
Det koselige med jula er jo at vi skal feire jula i det nye huset! Første jula i nytt hus er spennande :) Vi får besøk frå vest og det gledar alle seg til!! Pakkane er under kontroll, no er det berre ein igjen og den er nesten ferdig. Svigermor har jo alt, så eg må vere litt kreativ med pakken til ho!
Ungane har nedtelling, både til ferie og julafta! I mårra er siste arbeidsdag dette året, og siste dagen for dei minste på SFO og barnehage og eldstemann på vidaregåande. Ungdomsskuleeleven vår har allerede hatt ein del feriedagar!
Så midt i slutten på all julestria vil eg ønske dere alle ei riktig god jul !!

1 kommentar:

  1. fine vinterbilder. og så fine gardiner du har fått i stua. håper dere har hatt en flott julefeiring hittil

    SvarSlett