tirsdag 11. mars 2008

Oppdatering...

Her kjem dei ei lita oppdatering... Har ikkje gløymt bloggen min, men det skjer så alt for mykje her heime...

På onsdag reiste eg og Per til Polen :) Vi reiste ned på onsdagsmorgen etter å ha pakke vekke alle ungane ;)

Vi køyrte Sverige ned (kun for å kikke litt) og reiste Sverige-Danmark-Tyskland-Polen!! I Polen gjekk det full fart i dobbel betydning *fnis* Vi hadde berre heile fredagen og lørdagen fram til kl 13 å vere i Polen. Heile fredagen gjekk med til å kjøpe eit golv, og lørdagen gjekk vi rundt i byen vi budde i, Scroda :) Og i Polen der køyre dei fort. Fartsgrenser var det ingen som holdt og kunne du køyre forbi så gjorde dei det... Vi hadde ein politimann som skulle vise oss fabrikken der vi skulle, og Per gav han klar beskjed om at han ikkje måtte køyre fort for vi hadde henger med oss. "Neida, jeg har gammel polsk bil og den går ikkje fort", svarte han då... Trur det saktaste han køyrte på 2,5 t var 80 *fnis*

I Polen hadde vi med oss 2 unge gutar som kunne engelsk. Den eine snakka vi med på fredagskvelden og søndagsmorgenen, og lørdagen hadde vi med ein annan. Vi var veldig glad vi hadde med oss han som vi hadde med på fredag, for han var stødigare i engelsk enn han andre. Og det trengte vi, for vi var innom fabrikken og tollen...

TTT i Polen (ting tar tid)... Alt som har med papirarbeid å gjere har dei ikkje mykje rutiner på. Dette resulterte i at vi satt å venta ganske mykje... På tollstasjonen venta vi i 3 timar, og der var det ikkje mykje som skjedde...

På turen heim gleda vi oss å komme på gode veiar!! Velkomsten inn i Polen var jo ein vei med utrulig mykje humping, i 1 time faktisk... Men veien var utrulig mykje betre heim heldigvis!!!!

Lørdagskvelden overnatta vi rett før Kiel, og på søndag tok vi Color Fantasy heim :) så når vi kom til Oslo var vi ganske letta og veldig klare til å sjå ungane igjen :)

Det kejdelige med turen var at Eskil hadde diare heile tida. Ho som Sindre og Eskil var hos jobbe i barnehagen, så ho var berre i barnehagen på onsdagen og eit par timar på torsdagen... For dei andre dagane måtte ho vere heime med Eskil som hadde diarè + at han på mandagsmorgenen spydde som ein gris...

Han har vore heime frå barnehagen i dag og blir det i mårra og :(

*****

Snart er det påske!!! Eg og dei to minste skal heim til mamma, med eit stopp på Karmøy hos Rose :) Skal bli deilig med litt meir ferie ;)

Scrappinga tenkte eg å ta med meg... Er ikkje så allverdens å gjere på heime hos mamma, så eg tenkte å bruke kveldane til litt scrapping!!! Har mykje som skulle ha vore scrappa... Får håpe at eg kjem i mål med alt!!!!

3 kommentarer:

  1. Hørtes ut som en rolig tur.Med stunder der det va god tid og slappe av.HA ha

    SvarSlett
  2. Du var morsom no ;)
    Slappe av på litt anna måte enn det som var planlagt kanskje...

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett