tirsdag 11. oktober 2011

GoKart for fyrste gong

I helga fekk eldstemann oppleve ein draum han har hatt lenge; nemlig å køyre GoKart :)
Vi har vore oppe på banen å sett tidligare, men i helga fekk han prøve å køyre og! Sjølv om han var veldig nervøs når vi kom opp så roa det seg ein del når kameraten hans kom.

Vi fekk registrert han og betalt, finne fram hjelm og dress og klar for å køyre. Men ting tar tid på slike plasser... Så guten venta og venta, kameraten køyrde, og Sindre venta og venta...
Og endelig blei det hans tur!!!
Det gjekk veldig i rykk og napp i begynnelsen, men etterkvart så klarte han å køyre litt jamnare, han klarte til og med å vinke til mammaen sin, som stolt stod å filma og fotograferte :)

Når han var ferdig å køyre så var det stjerner i auga hans, og han var klar til å køyre fleire gonger. Så vi må nok ofre nokre laurdagar til dette!
Ein annan gong må vel mammaen prøve å køyre og... ;)

2 kommentarer:

  1. så stilig, dette hadde gutta mine likt også

    SvarSlett
  2. Han synes det er gøy, så eg ønske så absolutt å følge han opp :) :) Fotball er ikkje heilt hans greier (noko eg synes er dumt ;) ) men moro når dei finner på noko nytt og spennande :)

    Takk for besøket :)

    SvarSlett